Miljøassistent/miljøarbeidar
Me søkjer ny kollega i 81% vikariat i Uravegen bufellesskap, kanskje det er deg me leitar etter?
Vikariatet er ledig frå 01.04.2026, fram til 31.12.2026.
Kven er me og korleis er det å jobbe hjå oss?
Bu- og miljøtenesta yter tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Alle som vert tilsett i bu- og miljøtenesta vert for tida tilsett i dei ulike avdelingane. Dette betyr at ein kan måtte byte avdeling internt i bu- og miljøtenesta ved endring i tenesta.
Det er døgnkontinuerleg turnus i bufellesskapa med utvida arbeidstid. Det vil seie at det er lange vakter, opptil 12,5 timar. Alle tilsette må pårekne seg å arbeide både lange vakter, natt og helg.
Uravegen bufellesskap er eit burettslag med fleire bueiningar der kommunen yter helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er dagleg omsorg og miljøterapeutisk arbeid i tenesta til den enkelte. Den som vert tilsett skal tilrettelegge og delta i tenestemottakar sine aktivitetar, både arbeid og fritid/fysisk aktivitet. Den som vert tilsett skal samarbeide med alle som bur i burettslaget.
Arbeidet består òg av praktiske gjeremål i bustad og andre oppgåver delegert frå leiar.
Kollegagruppa er motiverte medarbeidarar med høg kompetanse og lang erfaring, som vil ta godt imot deg.
Kvalifikasjonskrav
Det er ikkje krav om formell kompetanse, men søkjarar som har erfaring med liknande arbeid, samt fagleg driv og interesse for brukargruppa vil verte føretrekt. Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Me set pris på motiverte og fleksible tilsette. Du må ha førarkort klasse B, og du må meistre å kunne køyre stor bil.
Hjå oss får du ein meiningsfylt og variert arbeidskvardag med trygge rammer, samt gode pensjons- og forsikringsordningar. Det er løn etter hovudtariffavtalen (assistent/fagarbeidar, avhenging av kompetanse). Alle tilsette hjå oss har tilgang til bedriftshytte på Skeikampen.
Anna stilling kan bli ledig som følge av denne tilsetjingsprosessen, skriv gjerne noko om du kan vera aktuell dersom andre vikariat vert ledige.
Har du spørsmål? Ring oss gjerne for ein uforplikta prat!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
06.04.2026
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Bu- og miljøtenesta
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen