Rekneskapsførar eller erfaren rekneskapsmedarbeidar
Me treng å styrka fagkompetanse på rekneskap. Me søkjer ein fagleiar for rekneskap, som vil vere med å vidareutvikle økonomifunksjonen i Årdal kommune. Stillinga er 100% fast.
Du vil få ei sentral rolle i organisasjonen og vere ein viktig støttespelar for både leiarar og tilsette i kommunen.
Ved økonomiavdelinga vil det no vere 6 årsverk. Tre rekneskap, to lønn og økonomisjef.
Tilsetting frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for kommunens rekneskapsfunksjon
- Sikre kvalitet og effektivitet i rekneskapsprosessane
- Utarbeiding av rutinar og internkontroll
- Rapportering og avstemmingar
- Rettleiing og opplæring av tilsette innan rekneskap
- Ansvar i årsoppgjer og budsjettarbeid
- Samarbeid med eksterne revisorar og andre fagmiljø
- Andre oppgåver som vert tildelt frå leiar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som rekneskapsførar eller relevant høgare utdanning innan rekneskap, økonomi eller revisjon (minimum bachelor)
- Særleg relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
- Erfaring frå rekneskapsarbeid, gjerne frå offentleg sektor
- God systemforståing og erfaring med økonomisystem
- Kjennskap til kommunale rekneskapsreglar (KOSTRA, GKRS), lover og forskrifter er ein fordel
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Strukturert og nøyaktig
- Gode samarbeidsevner og evne til å rettleie andre
- Initiativrik og løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Me tilbyr
- Ei spennande og utviklande stilling i eit godt fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Tilgang til bedriftshytte
- Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Heimekontor etter avtale
Del på:
Referansenummer:
2026/567
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
10.05.2026
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Økonomistab
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen