Fagarbeidar/assistent i SFO – Tangen skule
Vil du vere med og skape ein god kvardag for borna?
Ved Tangen skule har me no ledig ei 40% fast stilling som fagarbeidar/assistent i SFO. Me ser etter deg som ynskjer å vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen i kvardagen til elevane våre.
Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
Hjå oss får du vere med på å skape ein inkluderande og stabil kvardag der borna opplever meistring, trivsel og gode relasjonar. Arbeidsdagane vil vere varierte og innhaldsrike. Du vil vere aktiv saman med elevane i leik og aktivitetar, og bidra til at kvar einskild elev får utvikle seg sosialt gjennom godt samspel og kommunikasjon. Samarbeid med kollegaer og heimane til borna er også ein viktig del av arbeidet.
Kven ser me etter?
Me ynskjer oss ein medarbeidar som trivst i ein aktiv arbeidskvardag – både ute og inne – og som møter born og vaksne med rausheit, fleksibilitet og omsorg. Du er oppteken av å skape gode opplevingar for borna og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø i SFO.
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel om du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men me oppmodar også deg med annan relevant utdanning eller erfaring til å søkje. Du må ha gode norskkunnskapar, og det er krav om godkjend politiattest før tilsetjing.
Kva kan me tilby?
Me tilbyr ein trygg arbeidsplass i ein veldriven kommune med gode rammevilkår. Du vil bli ein del av eit stabilt og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse, og få kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn vert gitt etter gjeldande tariff og avtaleverk – henholdsvis fagarbeidar/assistent. Det er 11% trekk i løn for å følgje skuleruta.
Me ynskjer medarbeidar som ser kvart einskild barn, og som vil vere med på å skape ein trygg, aktiv og god kvardag ved Tangen SFO. Stillinga er lagt opp til ettermiddagsSFO med arbeidstid frå kl 13-16 måndag til fredag. Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me du vil sende oss ein søknad – me gler oss til å høyre frå deg!
Del på:
Referansenummer:
2026/1183
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.09.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Tangen SFO
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen