Rådgjevar byggesak
Har du lyst på ein spennande jobb med varierte oppgåver innan plan- og bygningslova? Årdal kommune søkjer ein engasjert rådgjevar/sakshandsamar til plan- og byggesaksavdelinga vår i ei 100% fast stilling. Det blir lagt til rette for at vedkommande over tid vert ein del av overordna vaktberedskap innan brann i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Vurdere og handsame søknader, dispensasjonar og klager i samsvar med plan- og bygningslova
- Gje rettleiing og råd til innbyggjarar, utbyggjarar og arkitektar
- Tilsyn oppgåver etter plan og bygningslova
- Ajourhald av matrikkel
- Delta i tverrfagleg samarbeid internt i kommunen
- Overordna vaktberedskap innan brann
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning gjerne innan tekniske fag, beredskap, eller samfunnssikkerheit
- Godt kjennskap til og interesse for plan- og bygningsrett
- Gjerne med erfaring frå kommunal sakshandsaming
- Meistre norsk munnleg og skriftleg godt
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, effektiv og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
- Trivst med sjølvstendig arbeid, men fungerer også godt i team
- Førarkort klasse B
Kva me tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit fagfelt i utvikling
- Godt og uformelt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stilling er lagt innanfor området miljø og samfunn. Ein er rådgjevar/sakshandsamar og yter service til innbyggarane innan for plan og bygningslova. I tillegg vil ein på sikt bli med i overordna vaktberedskap, og ein må pårekna å gjennomføra utdanning ved Brann og redningskulen.
For nærare informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt.
Andre opplysningar:
- Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering
- Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing
Del på:
Referansenummer:
883221430
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
07.08.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Tekniske tenester
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen