Me søkjer engasjerte barnehagelærarar til barnehagane
I barnehagane våre arbeider me kvar dag for at barna skal oppleve meistring, tryggleik og glede. No treng me fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med og gjere ein forskjell i barna sine liv.
Årdal kommune har ledig fleire faste stillingar som barnehagelærar i dei ulike barnehagane.
Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut hjå oss?
Som barnehagelærar i Årdal kommune får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der borna står i sentrum. Du vil:
- bidra aktivt til trivsel, leik, omsorg og utvikling
- vere medansvarleg for pedagogisk arbeid, planlegging og gjennomføring av aktivitetar – både ute og inne
- samarbeide tett med kollegaer om organisering av kvardagen og fordeling av oppgåver
- vere ein trygg og tydeleg vaksen som ser kvart enkelt barn og deira behov
Me legg vekt på fagleg refleksjon, samarbeid og kontinuerleg utvikling i barnehagane våre.
Er arbeid som barnehagelærar noko for deg?
Du vil jobbe tett på barn og vere ein viktig ressurs i arbeidet med tidleg innsats, tilrettelegging og inkluderande fellesskap – i samarbeid med føresette, kollegaer og andre faginstansar.
Som barnehagelærar er det naudsynt at du har barnehagelærarutdanning. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Det er viktig at du har gode norskkunnskapar og kan levere godkjent politiattest.
Me ynskjer at du:
- bidreg til eit trygt, inkluderande og godt arbeidsmiljø
- er god på relasjonsbygging og skapar trygge rammer for barn og vaksne
- er tydeleg, omsorgsfull og tilstades i møte med barna
- er oppteken av kvalitet i barnehagen og ønskjer fagleg utvikling
- likar å samarbeide og ta ansvar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Kva kan me tilby deg?
Me kan tilby ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer. Me har eit godt arbeidsmiljø med god fagkompetanse. I Årdal kommune har me gode pensjons- og forsikringsordningar, samt bedriftshytte på Skeikampen. Du vil bli løna utifrå utdanning og praksis jamfør hovudtariffavtalen.
Ta gjerne kontakt for ein uforplikta prat. Me fortel gjerne meir om barnehagane våre og kvardagen hjå oss.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Referansenummer:
2026/557
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
29.04.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Barnehage
Heimeside:
http://www.ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen