Årdal kommune

3 x 100 % faste stillingar som reinhaldar

Vil du vere med og skape trivelege og reine kommunale bygg?

 

Er du ein person som trivst med å gjera ein viktig jobb som betyr noko for mange? Likar du å arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og set pris på orden og kvalitet i arbeidet ditt? Då kan dette vere jobben for deg!

 

Årdal kommune søkjer no positive, pålitelege og fleksible reinhaldarar til tre faste heiltidsstillingar i reinhaldsavdelinga vår.

 

Som reinhaldar hjå oss vert du ein del av eit fagleg dyktig og inkluderande arbeidsmiljø, der me samarbeider tett for å levera gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Reinhaldsarbeidet er ein føresetnad for god drift i barnehagar, skular og andre kommunale bygg – og bidreg direkte til trivsel, helse og tryggleik.

 

Arbeidsoppgåver

Reinhaldsavdelinga har ansvar for reingjering av Årdal kommune sine eigne bygg og eventuelle andre bygg kommunen nyttar i si tenesteproduksjon.

Du vil:

  • utføra reinhald etter gjeldande reinhaldsplanar
  • bidra til god kvalitet og effektiv gjennomføring av arbeidsoppgåvene
  • arbeida både sjølvstendig og saman med andre

 

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som reinhaldar er ein fordel, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev
  • Førarkort klasse B er påkrevd

 

Personlege eigenskapar

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som:

  • er allsidig, fleksibel og ansvarsbevisst
  • kan arbeida strukturert og sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har ei serviceinnstilt haldning og kommuniserer godt med «kundar»

 

Me tilbyr

  • Ein trygg og meiningsfull arbeidsplass i ein viktig samfunnsfunksjon
  • Løn etter gjeldande tariffavtale (reinhaldar eller fagarbeidar)
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang til bedriftshytte på Skeikampen

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.04.2026

Arbeidsstad:

Tekniske tenester

Kontaktpersonar:

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: