100% fast stilling som sjukepleiar
Ynskjer du å vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag?
Årdal kommune søkjer engasjert sjukepleiar til ein meiningsfull jobb i pleie og omsorg.
Er du sjukepleiar med hjartet på rette staden og ekte engasjement for eldreomsorg? Då kan dette vere arbeidsplassen for deg. Hjå oss får du ein variert og viktig jobb der fagkunnskapen din verkeleg betyr noko – både for pasientane og for teamet rundt deg.
Me har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i pleie og omsorg.
Arbeidsstad kan variere innanfor tenesteområdet ut frå behov – noko som gir deg brei erfaring og ein spennande arbeidskvardag.
Kvifor jobbe hjå oss?
I Årdal kommune møter du ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse, godt kollegialt miljø og ein kultur der tillit, samarbeid og fagleg utvikling står i sentrum. Pasientane våre har ofte samansette behov, og du får arbeide tett på menneske som treng deg – med rom for både faglege utfordringar og sterke, fine møte.
Sitat frå ein av våre tilsette:
«Eg trivast godt i heimesjukepleien. Det er eit godt fagleg miljø, sosialt, med kjekke pasientar og kollegaer – og mange faglege utfordringar som gjer at arbeidsdagen er variert og spennande.»
Me jobbar aktivt med velferdsteknologi og har fokus på tiltak som gjer at brukarane kan bu heime lengst mogleg. Du blir del av eit miljø som er nytenkjande, fagleg sterkt og alltid på jakt etter gode løysingar for pasientane.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar hjå oss vil du få eit breitt spekter av oppgåver, mellom anna:
- sjukepleiefagleg oppfølging av både heimebuande og bebuarar i institusjon
- tett samarbeid med pasientar og pårørande, med fokus på livskvalitet og kva som er viktig for kvar enkelt
- ansvar for journalarbeid og dokumentasjon etter gjeldande retningslinjer
- aktiv deltaking i eit godt arbeidsmiljø og effektiv ressursbruk
- faglege vurderingar, kartleggingar, ernæringsoppfølging og palliativ omsorg
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- førarkort
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er fagleg engasjert, løysingsorientert og trygg i møte med menneske. Du trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø, arbeider godt saman med andre og har eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet. Du likar å bruke heile breidda i sjukepleiefaget og er nysgjerrig på vidare fagleg utvikling.
Dette kan me tilby deg
- ein meiningsfull jobb der du får bruke faget ditt fullt ut
- trygge rammer og gode pensjons- og forsikringsordningar
- bedriftshytte på Skeikampen
- løn etter utdanning og ansiennitet i samsvar med hovudtariffavtalen
- årsturnus i ei døgnkontinuerleg teneste – moglegheit for lange helgevakter
Vil du vite meir?
Ta gjerne kontakt for ein uforplikta prat – me fortel deg gjerne meir om korleis det er å jobbe hjå oss.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
23.04.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Pleie og omsorg
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen