Personleg assistent
Vil du vere med og gjere kvardagen til eit anna menneske aktiv og meiningsfull?
No har du sjansen – me i Årdal kommune treng ein engasjert personleg assistent på laget vårt i ei 50% fast stilling!
Korleis er det å jobbe som personleg assistent?
Du jobbar 1:1 i ein privat heim, og blir ein viktig del av kvardagen til brukar. Arbeidsplanen er årsturnus med arbeid inntil 16 helgar i året. Det er dag- og seinvakter i vekedagane, og lange vakter i helgene.
Arbeidsoppgåvene dine kan vere:
- Personlege og praktiske gjeremål
- Stell og tilrettelegging
- Matlaging og handling
- Delta på aktivitetar, turar og arrangement
- Følgje brukar til lege, fysioterapeut m.m.
Kven ser me etter?
Du treng ikkje fagbrev – men erfaring frå liknande arbeid eller helsefagleg bakgrunn er ein fordel. Endå viktigare er dine personlege eigenskapar: Me ser etter ein stabil, påliteleg og trygg person som trivast i tett samarbeid med andre.
Krav til stillinga
- Førarkort klasse B og meistre å køyre stor bil
- Flytande norsk
- God evne til samarbeid, fleksibilitet og å vere ein aktiv støttespelar i kvardagen til brukar
Me tilbyr
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
- Trygge rammer med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til bedriftshytte på Skeikampen
- Løn etter hovudtariffavtalen (assistent/fagarbeidar avhengig av kompetanse)
Anna stilling kan bli ledig som følge av denne tilsetjingsprosessen, skriv gjerne noko om du kan vera aktuell dersom andre stillingar vert ledige.
Har du spørsmål? Ring oss gjerne for ein uforpliktande prat!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
06.04.2026
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Bu- og miljøtenesta
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen