Årdal kommune

Kommunalsjef for oppvekst, frivilligheit og kultur

Er du vår nye drivkraft for oppvekst, frivilligheit og kultur i Årdal?

Årdal kommune søkjer etter ein strategisk, tydeleg og samlande toppleiar, i ei 100% fast stilling, som vil vere med å forme framtida i Årdal kommune – tett på både folk, fag og natur.

Årdal står midt i viktige demografiske og strukturelle omstillingar, og vi søkjer ein leiar som ikkje berre handterer endring, men som ser moglegheitene.

Som kommunalsjef for oppvekst, frivilligheit og kultur blir du ein del av kommunedirektøren si leiargruppe og får ansvar for ein stor og viktig sektor som betyr mykje for heile lokalsamfunnet. Du får ein unik moglegheit til å vere ein tydeleg premissleverandør i alt frå strategiske reformer til praktiske utviklingsløp – og leie engasjerte fagmiljø som skapar verdiar kvar dag.

Sektoren omfattar for tida:

  • grunnskular
  • kommunale barnehagar
  • vaksenopplæring
  • PPT, inkludert førebyggande tenester
  • kulturskule, bibliotek, ungdomsarbeid og kino
  • frivilligsentral
  • idrett

 

Du får personal-, økonomi-, fag- og utviklingsansvar for rundt 200 tilsette og eit budsjett på ca. 150 millionar kroner. Årdal er ein BTI-kommune, og du vil jobbe i eit tverrfagleg og utviklingsorientert miljø som set barn og unge først.

Her møter du dyktige medarbeidarar, sterke fagmiljø og eit stort potensial for fagleg utvikling og tenesteinnovasjon.

 

Kvifor er dette jobben for deg?

  • Du får påverke framtida til eit heilt lokalsamfunn
  • Du får vere leiar for eit sterkt fagmiljø med stort samfunnsoppdrag
  • Du får jobbe på tvers av tenester og bidra til heilskapleg utvikling
  • Du får bruke både strategisk teft, endringskompetanse og relasjonsbygging
  • Du får moglegheit til å setje retning – og sjå konkrete resultat

 

Kven er du?

Me ser etter ein leiar som:

  • har relevant høgare utdanning og skulefagleg kompetanse
  • har solid leiarerfaring – gjerne frå kommunal verksemd
  • har gjennomført endringsarbeid og handtert komplekse prosessar
  • har god økonomiforståing og evne til å prioritere riktig
  • jobbar systematisk, målretta og med tydeleg retning
  • byggjer tillit og relasjonar – internt, eksternt og i møte med frivilligheita
  • er utviklingsorientert og ser moglegheitene i digitalisering

 

Me tilbyr

  • Ei samfunnsviktig leiarstilling med stort handlingsrom
  • Moglegheit til å forme og utvikle framtidas tenester
  • Deltaking i kommunen sitt strategiske utviklingsarbeid
  • Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar
  • Moderne kontorfasilitetar
  • Løn etter avtale
  • Tilgang på bedriftshytte på Skeikampen

 

Kvifor Årdal?

Årdal er eit moderne lokalsamfunn med sterke fagmiljø, rikt kulturliv og kort veg til alt friluftsliv du kan ønske deg. Som nasjonalparkkommune ligg me midt i porten til Jotunheimen – omgitt av fjord, fjell og natur i verdsklasse.

Her får du:

  • eit inkluderande og engasjert lokalsamfunn
  • eit spennande innovasjonsmiljø
  • eit område der det er lett å kombinere karriere, familie og fritid med korte avstandar og trygt oppvekstmiljø

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

27.03.2026

Arbeidsstad:

Rådhuset

Kontaktpersonar:

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: