Ferievikar ved Årdal legekontor
Me har behov for ferievikar på Årdal legekontor sommaren 2026
Me treng ferievikar i tidsrommet frå måndag 22.06.26 til fredag 14.08.26. Det er arbeid på dagtid og søkar må vera over 18 år.
Som ferievikar må du pårekne deg å arbeide heile perioden.
Me ønsker ein person med medisinsk fagleg bakgrunn og/eller har starta utdanning innan helsefagarbeidar/sjukepleiar som er kunnskapsrik, ønsker å lære nytt, er imøtekommande. Du vil vere eit bindeledd mellom pasient og anna helsepersonell.
I arbeidskvardagen snakkar me med mange pasientar kvar dag som me prøver å hjelpa på beste måte. Hjå oss vil du møta trivelege kollegaer som vil ta godt vare på deg og vil gje deg god opplæring.
Me gledar oss til du kjem!
Løn og tilsetjingsvilkår:
Politiattest vert kravd framlagt, jf. Helse- og omsorgstenestelova.
Stillinga er løna etter HTA (Hovudtariffavtalen) og vert vurdert utifrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.03.2026
Arbeidsstad:
Årdal legekontor
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen