Årdal kommune

Ferievikarar i bu- og miljøtenesta

Bu- og miljøtenesta treng ferievikarar sommaren 2026. Ferievikariatet gjeld for perioden 22.06.26-16.08.26. Som ferievikar må ein pårekne seg å jobbe heile perioden.

Opplæring kan gjennomførast frå vinter- /påskeferie 2026, eller etter avtale. 

 

Arbeidet består i praktisk bistand og opplæring i bufellesskapa. Som ferieavløysar hjå oss skal du følgje brukaren i alle daglege gjeremål, gje

rettleiing og omsorg. Me ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med nedsett

funksjonsevne.

 

I tillegg til bufellesskapa, har me også behov for ferievikarar i personlege assistansetiltak. Til desse stillingane ynskjer me både helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid i brukarane sine heimar.

 

Det er ulike turnusordningar i avdelingane. Nokre arbeider i kombinasjonsturnus med korte og lange vakter,

medan andre arbeider lange vakter med utvida arbeidstid. Søkjarane bør helst vera over 18 år, da det er

turnusarbeid.

 

Alle som skal arbeide hjå oss må ta kurset: "Dette må jeg kunne - gode tjenester til personer med

utviklingshemming" før du startar opplæring.

 

I nokre av tiltaka er det ein fordel å ha førarkort i klasse B, skriv om du har førarkort.

 

Løn og tilsetjingsvilkår

Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar/utdanning/ praksis og HTA (Hovudtariffavtalen).

2 % vert trekt til tariff festa tenestepensjon.

 

Andre opplysningar

Søknader til stillingane vert vurdert fortløpande.

Søknadsfristen kan bli utvida.

Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.

Politiattest vil bli krevd, jfr. Lov om helse- og omsorgstenester.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.03.2026

Arbeidsstad:

Bu- og miljøtenesta

Kontaktpersonar:

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: