Årdal kommune

Lærling - Barne- og ungdomsarbeid

Ynskjer du å bli barne- og ungdomsarbeidar?

 

Me søkjer etter lærlingar frå hausten av, og du er velkommen til å søkje.

 

Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. Meir informasjon om kommunen på heimesida vår www.ardal.kommune.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og.

 

Som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget vil du får verktøy som gjer deg i stand til å stimulere til vekst og utvikling hos barn og unge. Du vil lære å planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar for barn og unge i ulike aldersgrupper, på ein måte som fremjar psykisk og fysisk helse. Eit viktig mål med opplæringa er å utdanna gode rollemodellar for barn og unge, som kan bidra til å fremje gode verdiar og ein vilje til å utforska, kommunisera og utvikla seg vidare.

 

Her kan du jobbe med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar i Årdal kommune

-          barnehagane

-          barne- og ungdomsskulane

-          skulefritidsordningane

-          ungdomsklubben

 

Arbeidsoppgåver vil vere relatert til læreplanen for barne- og ungdomsarbeidarfaget.

 

Det vert krevd politiattest for å kunne jobbe med barn og unge.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

01.03.2026

Arbeidsstad:

Oppvekst

Kontaktpersonar:

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: