Årdal kommune

100% vikariat som fagsjukepleiar ved Årdal sjukeheim

Me søkjer trygg, omsorgsfull og utviklingsorientert fagsjukepleiar med ei viktig rolle i omsorgstenesta vår. Me har ledig 100% vikariat i perioden frå 12.01.2026 til 15.11.2026.

 

Er du den me treng i vårt team?

 

Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut som fagsjukepleiar?

Som fagsjukepleiar vil du ha hovudansvar for oppfølging av pasient og pårørande på Årdal sjukeheim. Du vil vidare ha ansvar for at alle pasientar har primær og sekundærkontakt, samt fagleg utvikling av tenesta. Du vil ha sjukepleiefagleg oppfølging og kvalitetssikring av tenesta i samarbeid med avdelingssjukepleiar. Du vil også vere koordinator mot andre avdelingar i pleie og omsorg. Du vil også få ansvar for å bidra med undervising og fagleg rettleiing av helsepersonell i pleie og omsorg, årshjul, fagdagar, kompetanseheving og samarbeid med ressursgrupper.

 

Kan arbeid som fagsjukepleiar passe for deg?

For å vere fagsjukepleiar er det krav om godkjend sjukepleieutdanning med norsk autorisasjon. Personlege eigenskapar vil bli viktige for oss. Du må like å ha ansvar og vere fagleg interessert i eldreomsorg. Me ynskjer ein engasjert fagsjukepleiar som er løysingsfokusert, og som kan trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø med varierte utfordringar. Me jobbar etter eit prinsipp basert på fagleg kompetanse og tillit til at den vert nytta på best måte. Alle tilsette må bidra til eit godt arbeidsmiljø.

 

Kva kan me tilby deg?

Me kan tilby ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer. I Årdal kommune har me gode pensjons- og forsikringsordningar, samt bedriftshytte på Skeikampen. Du vil bli løna utifrå utdanning og praksis jamfør hovudtariffavtalen.

I den aktuelle perioden for vikariatet vil det vere dagtid midt i veka, og 7 arbeidshelger. i Forbindelse med arbeidshelger vil det vere ein fridag i forkant av arbeidshelg og ein fridag i veka etter arbeidshelg.

 

Ring oss gjerne for ein uforplikta prat.

 

Sidan me har behov for snarleg tilsetjing kan me komma til å kalle inn aktuelle kandidatar fortløpande.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

04.01.2026

Tiltreding:

12.01.2026

Arbeidsstad:

Årdal sjukeheim

Kontaktpersonar:

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: