Årdal kommune

Fagarbeidar tekniske tenester - Utedrift - Veg

Me har ledig

100% fast stilling som fagarbeidar i tekniske tenester, utedrift – veg.

 

Arbeidsoppgåver

Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning og avløp.

Denne stillinga har arbeidsoppgåvene i hovudsak innanfor utedrift på veg, men ein kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innafor heile tenesteområdet.

Det vil vere varierte arbeidsoppgåver innanfor drift og vedlikehald av veg. Det spenner seg frå feiing av gater, kantklipp og grøfting på vår og sommar, til brøyting, strøing og salting på vinterstid. 

 

Kvalifikasjonskrav

Me ynskjer ein tilsett med fagbrev eller erfaring innan veg og anleggsarbeid, men andre med relevant praksis kan også søke.

Det er naudsynt med sertifikat klasse T og B(E) i tillegg er det ønskeleg med klasse C.

Det kan vera ein fordel om du har erfaring frå vinterdrift (brøyting, strøing) og/eller grunnleggande maskin- eller køyretøyerfaring.

 

Personlege eigenskapar

Me søker deg som er tilpassingsdyktig og meistra å handtera hektiske periodar. Du har god gjennomføringskraft og jobba målretta og strukturert. Me ser etter deg som trivst i samarbeid med andre, så vel som sjølvstendig arbeid. Ein må vere fleksibel og open for at det kan vere beredskapsordningar, samt sesong og væravhengig arbeid. Du må ha god fysikk då arbeidet ofte kan vere fysisk krevjande.

 

Me tilbyr

Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø

Løn etter hovudtariffavtalen

Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

17.11.2025

Tiltreding:

01.03.2026

Arbeidsstad:

Utedrift - Veg

Kontaktpersonar:

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: