Fagarbeidar i tekniske tenester - Utedrift - Park
Me har ledig
100% fast stilling som fagarbeidar i tekniske tenester, utedrift - park.
Arbeidsoppgåver
Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning og avløp.
Denne stillinga har arbeidsoppgåvene i hovudsak innafor utedrift på park, men ein kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innafor heile tenesteområdet.
Det vil vere varierte arbeidsoppgåver innanfor vedlikehald av park og grøntanlegg. Det vil vere alt frå plantepleie, plenklipping, stell av blomsterbed, trefelling samt bruk og vedlikehald på ulike maskiner som grasklipper, motorsag, kantklipper og liknande. Det vil vere arbeid utandørs i ulike værforhold.
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter ein person som har fagbrev innan stell av park og grøntanlegg, men andre med relevant praksis innanfor faget kan og søkje.
Den som vert tilsett må ha sertifikat i klasse T og B(E).
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde og me søkjer etter ein person som;
- er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma eit godt samarbeid
- kan sjå gode løysingar i alle ledd i organisasjonen
- har god fysikk, då arbeidet ofte kan vere fysisk krevjande
- kan trivast både åleine og i samarbeid med andre
- Har praktisk sans og er løysingsorientert
Me tilbyr:
Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
Løn etter hovudtariffavtalen.
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.11.2025
Tiltreding:
01.03.2026
Arbeidsstad:
Utedrift - Park
Heimeside:
http://www.ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen