
100% fast stilling som Fagleiar - rekneskap
Me søkjer ein engasjert og strukturert fagleiar for rekneskap som vil vere med å vidareutvikle økonomifunksjonen i Årdal kommune.
Du vil få ei sentral rolle i organisasjonen og vere ein viktig støttespelar for både leiarar og tilsette i kommunen.
Ved økonomiavdelinga er det per i dag fem tilsette. To av desse jobbar med rekneskap og controllerfunksjon, to jobbar med lønsoppgåver og økonomisjef jobbar med budsjett, økonomirapportering, controllerfunksjon og har det overordna ansvaret.
Arbeidsoppgåver
Fagleg ansvar for kommunens rekneskapsfunksjon
Sikre kvalitet og effektivitet i rekneskapsprosessane
Utarbeiding av rutinar og internkontroll
Rapportering og avstemmingar
Rettleiing og opplæring av tilsette innan rekneskap
Ansvar i årsoppgjer og budsjettarbeid
Samarbeid med eksterne revisorar og andre fagmiljø
Andre oppgåver som vert tildelt frå leiar
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan rekneskap, økonomi eller revisjon (minimum bachelor) eller autorisasjon som rekneskapsførar.
Særleg relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
Erfaring frå rekneskapsarbeid, gjerne frå offentleg sektor
God systemforståing og erfaring med økonomisystem
Kjennskap til kommunale rekneskapsreglar (KOSTRA, GKRS) er ein fordel
Gode digitale ferdigheiter
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Strukturert og nøyaktig
Gode samarbeidsevner og evne til å rettleie andre
Initiativrik og løysingsorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
Ei spennande og utviklande stilling i eit godt fagmiljø
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter avtale
Heimekontor etter avtale
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
23.10.2025
Tiltreding:
01.01.2026
Arbeidsstad:
Økonomiavdeling
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen