
100% fast stilling som barnehagelærar
Me har ledig 100% fast stilling som barnehagelærar, for tida i Haugane barnehage.
Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut som barnehagelærar i Haugane barnehage?
Hovudoppgåva di vert å gje oppfølging og spesialpedagogisk opplæring til eit barn. Du skal kunne legge til rette for gode opplevingar saman med dei andre barna. Det er ei føremon om du har erfaring og/eller kompetanse på «teikn til tale» og ASK, eller har ynskjer om å tilegne deg denne type kompetanse.
Kan arbeid med spesialpedagogikk passe for deg?
Som spesialpedagog er det naudsynt at du har barnehagelærarutdanning eller spesial pedagogisk utdanning. Søkarar med erfaring og/eller kompetanse på teiknspråk/teikn til tale vil bli prioritert.
Me ynskjer at du:
- Har god norsk kunnskap, både munnleg og skriftleg
- Er med å skapa eit godt arbeidsmiljø
- Meistra å skape gode relasjonar og trygge rammer
- Er tydeleg og tilstades overfor borna og deira behov
- Har gode samarbeidsevner
Det er eit krav at du leverar godkjent politiattest.
Kva kan me tilby deg?
Me kan tilby ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer. Me har eit godt arbeidsmiljø med god fagkompetanse. I Årdal kommune har me gode pensjons- og forsikringsordningar, samt bedriftshytte på Skeikampen. Du vil bli løna utifrå utdanning og praksis jamfør hovudtariffavtalen.
Ring oss gjerne for ein uforplikta prat.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
26.06.2025
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Haugane barnehage
Heimeside:
http://www.ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen