Årdal kommune

20% vikariat som lærar i Årdal kulturskule

Me har ledig 20% vikariat som lærar i Årdal kulturskule i perioden frå 01.08.2025 til 25.05.2026.

 

Kulturskulen har ca. 300 elevplassar i musikk, kunst og dans. Me har eit triveleg og inkluderande kollegium med 6 tilsette, og eit godt samarbeidsklima.

Me samarbeidar med grunnskule/sfo og det lokale kulturlivet.

Me har undervisningslokaler på dei to grunnskulane i kommunen. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre undervisning i faget KuDaMuDra og Godt og Blandet Storband
  • Jobbe tverrfagleg
  • Gje metodisk rettleiing
  • Gje konstruktive vurderingar
  • Følgje opp og vidareutvikle elevane i gruppeprestasjonar

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innanfor musikkfag er ikkje eit krav, men ein må kunne spele eit bandinstrument 
  • Du er eit godt førebilete for elevar
  • Du må like å jobbe med barn og unge, kunne skape gode relasjonar, samarbeide godt, vere imøtekommande, fleksibel, positiv, strukturert og engasjert
  • Du har evna til å jobbe sjølvstendig, samstundes som du har gode samarbeidsevner
  • Kulturskulen er under stadig utvikling, og du må ha evne til fornying og bidra inn i eit lærande arbeidsfellesskap

 

Me ser fram til å høyra ifrå deg!

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Årdal kulturskule

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: