Årdal kommune

Me treng fagsjukepleiar, helsefagarbeidarar og personleg assistent

Årdal kommune har for tida fleire ledige stillingar innan pleie og omsorg. Både fast og vikariat.

Me søkjer trygge, omsorgsfulle og utviklingsorienterte tilsette som fagsjukepleiar, helsefagarbeidarar og personleg assistent med viktige roller i omsorgstenesta vår.

Er du den me treng i våre team?

 

Me har ledig følgjande:

-          100% fast stilling som fagsjukepleiar, for tida ved Årdal sjukeheim

-          75% vikariat som helsefagarbeidar for tida ved ÅBO

-          100% vikariat som helsefagarbeidar for tida ved Heimesjukepleie Årdal

-          100% vikariat som personleg assistent i heim

 

Me har fokus på velferdsteknologi som kan bidra til at brukarane våre kan bu lengre heime. Pasientane har ofte komplekse sjukdomsbilder, som krev god kompetanse og god oppfølging. Me er alltid opptekne av å gjere det beste for pasienten og har interesse for faget. Arbeidskvardagen hjå oss er varierande og meiningsfylt med gode kollegaer.

 

Legg gjerne inn ein søknad med ynskje om stilling. Me ser fram til å høyra frå deg!

Fagsjukepleiar – Fast (frå snarast):
Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut som fagsjukepleiar?

Som fagsjukepleiar vil du ha hovudansvar for oppfølging av pasient og pårørande på Årdal sjukeheim. Du vil vidare ha ansvar for at alle pasientar har primær og sekundærkontakt, samt fagleg utvikling av tenesta. Du vil ha sjukepleiefagleg oppfølging og kvalitetssikring av tenesta i samarbeid med avdelingssjukepleiar. Du vil også vere koordinator mot andre avdelingar i pleie og omsorg. Du vil også få ansvar for å bidra med undervising og fagleg rettleiing av helsepersonell i pleie og omsorg, årshjul, fagdagar, kompetanseheving og samarbeid med ressursgrupper.

 

Kan arbeid som fagsjukepleiar passe for deg?

For å vere fagsjukepleiar er det krav om godkjend sjukepleieutdanning med norsk autorisasjon. Personlege eigenskapar vil bli viktige for oss. Du må like å ha ansvar og vere fagleg interessert i eldreomsorg. Me ynskjer ein engasjert fagsjukepleiar som er løysingsfokusert, og som kan trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø med varierte utfordringar.

 

Helsefagarbeidar (frå snarast til 31.12.2025):

Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut som helsefagarbeidar?

Som helsefagarbeidar vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere heilskapleg pleie og omsorg for pasientar på institusjon og heimebuande. Me jobba med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen for å ha ein god livskvalitet. Du vil få ansvar for journalføring og kommunikasjon med pasient og pårørande utifrå retningslinjer.

 

Kan arbeid som helsefagarbeidar passe for deg?

Som helsefagarbeidar vert det krevd norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. For stillinga ved heimesjukepleien er det naudsynt at du har bilsertifikat.

 

Personleg assistent (frå snarast til 31.08.2025 med mogleg forlenging):

Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut som personleg assistent?

Arbeidet er eit 1:1 tiltak og din arbeidsplass vil såleis vere i privat heim. Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere praktiske gjeremål, stell, matlaging, handling, vera med på aktivitetar/arrangement ilag med brukar. Det er også behov for at du kan følgje brukar til lege, fysioterapeut med meir.

Kan arbeid som personleg assistent passe for deg?

Til stillinga er det ikkje krav om fagkompetanse, men søkarar med helsefagleg kompetanse og/eller erfaring frå 1:1 tiltak vil bli prioritert. Dine personlege eigenskapar vil bli viktige for oss. Det er krav om førarkort.

Som tilsett hjå ein brukar som treng personleg assistanse må du vere stabil. Pålitelig, trygg på deg sjølv og ha gode samarbeidsevner. Det er viktig at du er villig til å yte god service og vere ein aktiv del av kvardagen til eit anna menneske.

 

For alle stillingane gjeld følgjande:

  • Du må kunne beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
  • Alle tilsette må bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Det er stor variasjon i arbeidskvardagen og me jobbar etter eit prinsipp basert på fagleg kompetanse og tillit til at den vert nytta på best måte.
  • Det må leverast godkjent politiattest.

 

Kva kan me tilby deg?

Me kan tilby ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer. I Årdal kommune har me gode pensjons- og forsikringsordningar, samt bedriftshytte på Skeikampen. Du vil bli løna utifrå utdanning og praksis jamfør hovudtariffavtalen.

Det er årsturnus ved alle avdelingar, då tenestene er i døgnkontinuerlig drift. Det er moglegheit for lange vakter på helg.

 

Ring oss gjerne for ein uforplikta prat.

Sidan me har behov for snarleg tilsetjing kan me komma til å kalle inn aktuelle kandidatar fortløpande.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

19.06.2025

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Pleie og omsorg

Kontaktpersonar:

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: