Årdal kommune

100% vikariat som sjukepleiar ved Årdal legekontor

Me har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar ved legekontoret i perioden frå 01.08.2025 til 10.03.2026.

 

I arbeidskvardagen snakkar me med mange pasientar kvar dag som me prøver å hjelpa på beste måte. Hjå oss vil du møta trivelege kollegaer som vil ta godt vare på deg og vil gje deg god opplæring.

 

Arbeidsoppgåver

I hovudsak skal sjukepleiaren utføra skifteromsarbeid som sårstell, injeksjonar, EKG og 24 timers blodtrykk og liknande.

Du må også ta del i resepsjonsarbeid og anna helseretta arbeid som ligg til kontoret.

 

Kvalifikasjonskrav

· offentleg godkjenning som sjukepleiar

· gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg

· ikt kompetanse i samband med dokumentasjon

 

Personlege eigenskapar

· me ynskjer ein medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag der samarbeid, fleksibilitet og service er sentrale verdiar.

· du må vera nøyaktig og strukturert

 

Me tilbyr

· spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø i gode lokale, der me legg vekt på brukarfokus og høg kvalitet i arbeidet

· gode pensjons- og forsikringsordningar

· tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen

· løn etter tariff

 

Gyldig politiattest må leverast før oppstart.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

19.05.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Årdal legekontor

Kontaktpersonar:

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: