Helgestillingar ved sjukeheimane
Me har ledige helgestillingar ved Årdal sjukeheim og Seimsdal sjukeheim.
Årdal har to sjukeheimar; Årdal sjukeheim har 29 plassar for avlastning og langtidsopphald. Seimsdal sjukeheim har 16 plassar, der 8 er tilrettelagt for demente.
Legg gjerne inn ein søknad og skriv kva du kan tenkje deg å arbeide med, kvar og i kor stor stillingsstorleik. Me ser fram til å høyra ifrå deg!
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er i hovudsak heilskapleg pleie og omsorg for pasientar på institusjon.
- Arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen for å ha ein god livskvalitet.
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med pasient og pårørande utifrå retningslinjer.
- Bidra til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonskrav
- For assistentstillingar er det ikkje krav om utdanning, men personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Personlege eigenskapar me ynskjer i vår teneste:
- Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- God på samarbeid
- Likar ein aktiv og til tider travel arbeidskvardag
- Omsorgsfull og positiv
- Interesse for eldreomsorg, og alltid jobbe for det beste for pasienten.
Me tilbyr:
- Årsturnus i alle tenestene.
- Ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø med trygge og forutsigbare rammer.
- Løn etter utdanning og praksis jamfør Hovudtariffavtalen.
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen.
- Om det er utfordring i høve bustad, ta kontakt.
Del på:
Referansenummer:
25/63
Fylke:
- Vestland
Søknadsfrist:
23.01.2025
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Årdal sjukeheim og Seimsdal sjukeheim
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.ardal.kommune.noAdresse:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen