Årdal kommune Pleie og omsorg

Ynskjer du å vere ein bidragsytar til at kvardagen til eit anna menneske vert så god som mogleg? Me treng deg med på laget!

Årdal kommune har ledig 80% fast stilling som personleg assistent, frå snarast.

Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut?

Arbeidet er eit 1:1 tiltak og din arbeidsplass vil såleis vere i privat heim. Det er årsturnus med arbeid ca kvar 4. helg (langvakter, samt dag- og kveldsvakter midt i veka). Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere praktiske gjeremål, stell, matlaging, handling, vera med på aktivitetar/arrangement ilag med brukar. Det er også behov for at du kan følgje brukar til lege, fysioterapeut med meir.

Kan arbeidet passe for deg?

Til stillinga er det ikkje krav om fagkompetanse, men søkarar med helsefagleg kompetanse og/eller erfaring frå 1:1 tiltak vil bli prioritert. Dine personlege eigenskapar vil bli viktige for oss. Det er krav om førarkort.

Som tilsett hjå ein brukar som treng personleg assistanse må du vere stabil, pålitelig, trygg på deg sjølv og ha gode samarbeidsevner. Det er viktig at du er villig til å yte god service og vere ein aktiv del av kvardagen til eit anna menneske.

Kva kan me tilby deg?

Me kan tilby ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer. I Årdal kommune har me gode pensjons- og forsikringsordningar, samt bedriftshytte på Skeikampen. Du vil bli løna etter hovudtariffavtalen. Er du ufaglært vert du løna som assistent, har du fagutdanning vert du løna som fagarbeidar.

Dersom du er nytilsett i Årdal kommune, gjeld ei prøvetid på 6 månader. Det er viktig at politiattesten din er plettfri, for å kunne utføre dette arbeidet.

Ring oss gjerne for ein uforplikta prat.

Del på:

Referansenummer:

24/2087

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.10.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Pleie og omsorg

Kontaktpersonar:

Mette Kleiva

tlf: +47 97512679

mob: +47 97512679

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: