Årdal kommune Pleie og omsorg

100% fast stilling som sjukepleiar

Me har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i pleie og omsorgstenesta. Frå oppstart og fram til 31.08.2025 vil arbeidsstaden vere heimesjukepleie i Øvre.

 

Me har fokus på velferdsteknologi som kan bidra til at brukarane våre kan bu lengre heime. Pasientane har ofte komplekse sjukdomsbilder, som krev god kompetanse og god oppfølging. Me er alltid opptekne av å gjere det beste for pasienten og har interesse for faget vårt. Arbeidskvardagen hjå oss er varierande og meiningsfylt med gode kollegaer: «Eg trivast godt i heimesjukepleien. Det er eit godt fagleg miljø, og ikkje minst sosialt med kjekke pasientar og kollegaer samt fleire faglege utfordringar som gjer at arbeidsdagen er variert og spennande» - Tilsett 

 

Arbeidsoppgåver

  • ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarane i institusjon og heimebuande
  • arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen, god livskvalitet
  • ansvar for journalføring og kommunikasjon med pasient og pårørande ut frå retningslinjer
  • vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
  • bidra til at ressursane i avdelinga vert nytt best mogleg
  • fokus på kartlegging av pasientar, ernæringsoppfølging, vurdering av tilstand og palliativ omsorg

Kvalifikasjonar

  • godkjend sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • rettleiar for studentar
  • medansvarleg for eit godt læringsmiljø
  • kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ei føremon
  • god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
  • førarkort

Personlege eigenskapar

  • fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
  • løysingfokusert
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • fleksibel, ansvarsfull og hyggeleg
  • du må kunne trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø med varierte utfordringar
  • du likar å bruka heile spekteret i sjukepleiefaget, er nysgjerrig på vidareutvikling og likar faglege utfordringar

Me tilbyr

  • ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø med trygge og forutsigbare rammer
  • gode pensjons og forsikringsordningar
  • tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen
  • løn etter tariff (Hovudtariffavtalen)
  • årsturnus

 

Nytilsette i Årdal kommune har 6 månaders prøvetid. Gyldig politiattest må leverast før oppstart.

Del på:

Referansenummer:

24/1717

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

23.09.2024

Tiltreding:

01.10.2024

Kontaktpersonar:

Mette Kleiva

tlf: +47 97512679

mob: +47 97512679

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: