Årdal kommune Skule

Fagarbeidar/assistent i SFO/Tangen skule

Me har ledige stillingar som fagarbeidarar/assistentar i SFO/Tangen skule

Ein 100% fast stilling og ein 40% fast stilling med tiltreding 01.08.2024.

 

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vera:

  • Følgje opp elevar før/etter og i skuletid
  • Hjelpa elevane med å få ei god, sosial utvikling gjennom kommunikasjon og samspel med andre
  • Delta i all aktivitet saman med ungane
  • Samarbeida med personale og heimane, til borna sitt beste
  • Bidra til å gjere borna sin kvardag så stabil og forutsigbar som mogeleg
  • Bidra i laget rundt barnet gjennom å oversette mellom norsk/morsmål for elevane og føresette (gjeld for stillingen i 100%)

Kvalifikasjonar:

  • Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning og praksis kan og søke
  • Erfaring frå denne type arbeidsoppgåver vil vere positivt
  • God norskkunnskap
  • Gode språkkunnskapar i nokre av desse språka: engelsk, russisk/ukrainsk, polsk og tysk (gjeld for stillingen i 100%)
  • Godkjend politiattest

Me ser etter ein medarbeidar som :

  • Ønskjer å ha ein aktiv arbeidskvardag både ute og inne
  • Er hjelpsom, raus og tilpassingsdyktig
  • Ønskjer å skape ein god kvardag for borna
  • Er med på å skape eitt godt arbeidsmiljø på SFO/skule

Me tilbyr:

  • arbeid i ein veldreven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • eitt godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse
  • kommunale tilsetjingsvilkår med gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

 

  • Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Referansenummer:

24/892

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

07.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

SFO/Tangen skule

Adresse:

Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Kart: